Åleine på Russekysten

Det var i 1882 med feilslått lofotfiske og mislukka finnmarksfiske. Dei siste dagane hadde det vore heilt svart hav for Vardø. Og no leid det alt langt fram på våren, så noko betring i fisket var det lite von om. Kallane gjekk difor mellom Austvågen og Vestvågen og tala om heimferd.

Han Edvard gjekk òg mellom Vestvågen og Austvågen. Men han sa ikkje så mykje. Han gjekk der og lydde om det var nokon som var huga på russlandsfiske. Men når han ymta frampå, skjøna han at det var lita von om å få nokon med. Han var rusken med veret, og det var vågsamt å leggje på den ferda åleine.

Men Edvard åtte vilje av stål. Han bad karane kvelde seg, for dei skulle tidleg opp. No lakka det til heimferd, tenkte dei. Det var fint ver denne vårkvelden. Dei andre la seg, men han Edvard tok seg ein tur på moloen og såg austetter. Det kunne enno bli bryllaupsrei, tenkte han.

Tidleg neste morgon purra Edvard mannskapet sitt. Han stakk opp flagget og segla ut Vågen utan at ein einaste fekk snøven om det. Men det var sjeldan at leinabåt la på russlandsferd.

Langt aust på Varangen låg jakta Fuglen av Bergen og fiska. Dei låg og rak og venta på betre bør. Dei hadde vore utanfor Russekysten, hadde fiska last og skulle til Vardø så snart vinden tok til. Her fekk han Edvard høyre at det var godt fiske for Sebuska på Murmankysten. Det lova godt, tenkte han. "Men legg du åleine nordmann på Russekysten," sa bergensaren. "No lid det til pinse, og du kan rekne med at det blir både fyll og slagsmål mellom russarane når dei får landlege så mange helgedagar."

Det gjorde inntrykk på han Edvard. Men ikkje av di han var redd. Han gav skipperen to kroner og kviskra noko til han. Det var ei helsing til ho Lena, ho som skulle vere brur når han kom av Finnmarka. Ho skulle no i alle fall få vite kvar han sist fòr. Dermed la han Edvard åleine lagbåt, men med godt mannskap, austetter mot Russland.

I Sebuska var det godt fiske, som jaktskipperen hadde sagt. Og han Edvard fekk seg ei god rorveke før pinse, med last kvar bidande dag. Fisken selde dei til Philfeldt, ein norskfødd handelsmann som åtte heile fiskeværet. Han Edvard var godtruen og tok ikkje klarering etter kvart. Pinseaftan ville han ha oppgjer. Han tenkte på å fare attende. Han hadde fått seg ein fin lott på ei veke, og torde ikkje liggje her over pinsedagane åleine mellom russarane.

Men Philfeldt ville ikkje gje Edvard oppgjer. Og berre halve fangsten hadde han skrive opp. Då brast det for han Edvard: "Her er vi åleine i eit framandt land. Skade er det at vår einaste landsmann her skal handsame sine heimefrendar såleis. Betre tru hadde eg til deg då eg selde deg fisken." Då retta Philfeldt på det og orsaka seg med at det berre var ein feil.

No tenkte han Edvard å fare heim til Noreg. Men storm frå nord tvang han til å vere att. Det verste var at det var dårleg hamn. Einaste råda var å drage båtane opp i elva. Men det var ikkje greit, for russarane ville berge sine båtar først, og nordmennene måtte ligge lengst ute. Men det var lite lé der. Det var mest som kvar rælingen som kom, ville knuse båten. Ved å slakke på atterfestet kvar gong skumbrottet kom, gav båten etter så han ikkje tok skade. Såleis berga dei seg gjennom første pinsedag.

Natt til andre pinsedag spakna stormen såpass at dei fekk brynnt båten fram. Men no tok russarane til med fyll og slåsting. Og dei egga seg meir og meir inn på den norske båten. Det såg fortvilt ut for han Edvard og karane hans. Det beste var å teie, og halde seg inne i båthuset. Verre og verre vart det. Russarane kraup inn over båtripa, skotta på huset og stal, stal og bar ut av båten, laust og liggjande, alt dei åtte.

Snart kom dei attåt husdøra. Innanfor sat karane med tollekniven i handa. Dei skulle selje seg dyrt. Russarane var feige,og våga ikkje trengje seg inn til mannskapet. Det var ikkje greit å vere åleine nordmann og høvedsmann under slike tilhøve. Båten var tom, og dei kunne korkje segle eller ro. Han Edvard fekk skulda for alt. Og no var ingen sikker på å kome levande ut av dette helvetet meir. Så meinte karane.

Han Edvard gjekk då opp til handelsmann Philfeldt og bad han hjelpe til så dei fekk såpass attende frå russarane, at dei kunne segle til Vardø. Men Philfeldt orsaka seg med at russarane var kundane hans, og at han ikkje kunne bite seg ut med dei. Han ville difor ikkje ha noko med denne saka å gjere.

Då det leid mot kveld, egga russarane seg inn på nordmennene att. Det var rådlaust å setje seg til motverje, fem nordmenn mot hundre russarar. Dei stengde seg godt inne i båthuset, her var ingen ting anna å gjere. Og utanfor herja hundre drukne russarar. Men etter som timane leid, stilna det av. Russarane sovna inn i djup svevnrus. Heilt til døra på båthuset låg dei og snorka.

Tidleg neste morgon kom det mange båtar inn til Sebuska. Det var kvæfjordingane som kom. Dei hadde skjøna at han Edvard hadde tatt vegen hit, og då han ikkje kom att, var det anten godt fiske, eller han var tatt av russarane. Difor hadde dei fare etter. Kvæfjordingane pjolska med russarane og lova dei pryl om dei ikkje straks på timen bar attende alt dei hadde stole. Og russarane kom med det alt saman, og luska slukøyra derifrå.

Nordmennene prøvde no fisket nokre dagar, men fisken hadde slutta å bite. Det blei difor snart heimferd for alle. Han Edvard fekk seg likevel ei god bryllaupsrei her. Såleis kom han til Noreg denne gongen med ein god lott i innerlomma. Og då han kom heim, vart det bryllaup.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud