Agnvaren
Ytre Elgsnes var i eldre tid
ein god utrorsstad. Der var gode fiskeplassar i Toppsundet,
men aller best på eggene og tilrorane i Andfjorden. Det var
eit heimefiske som gav godt og jamnt utbytte. På Elgsnes hadde
herrane Norman stor handel, og her fekk folk selje fisken sin
mot pengar eller varebyte.
Men ein haust blei det svart
hav, og dei som låg til utrors, måtte fare heimatt med berre
båten, bruket og kostkista. Då tok heimekallane til med å gjere
bruket ferdig til lofotferda.
Så var det seint ein kveld i
adventa då månen stod høgt på himmelen. To av kallane
hadde bøtt ferdig garna dei hadde oppe i huset, og dei
skulle no i Oppsettnaustet og hente sundrevne garn til morraarbeid
dagen etter. Då dei kom til naustet, fekk dei sjå tre kallar
som sløgde fisk nede på fjæra. Dei blei himmelfalne, for dei
visste kor svart havet var. Men så skjøna dei at dette
var ikkje vanlege fiskekallar, det var havfolk som sat der.
Og no skulle dei sanneleg få
vite kor fisken var. Den eine spurde difor: "Kor har dokker
fått all denna fesken?" Då svara den eldste havmannen: "Teisten
i Trælen og Årbergsnakkjen i Ørja, og ikkje meire derom å spørja."
Men den andre fiskarkallen hadde slik hug på fisk og mølje,
så han spurde om han ikkje kunne få koking. Då kasta havmannen
ein stor torsk mot han. Torsken råka atterskotten på ein båt
som stod der så stykkjer av stamnen flaug rundt ikring. Då blei
både havmennene og fiskedungen borte.
Kokfisken tok kallane med seg,
og det blei sagt at aldri hadde det vore kokt betre mølje på
Elgsnes. Etter meda som havmennene sa, fann dei den gode tilroren
utmed Holmenvær i Senja. Tilroren blei kalla Agnvaren, og heiter
slik den dag i dag.
|