Aning og førevarsel

Det var i 1900. Far låg til utrors i Holmen i Senja, og eldste bror min, han Isak, var med han på første turen. Han Meier Eliassa rodde lagbåt der. Dei var fire mann på båten. Det var han Oskar, bror til høvedsmannen; så var det Anton Ovesa og yngstemann Bertel Olsa frå Aun. Han var berre 16 år gammal.

Det var ei helg, veret hadde spakna og så hadde det vore stur med fisket dei siste dagane. No fann han Meier på at han skulle reise heim til Tronesbygda. Han far skulle vere att. Men bror min ville vere med han Meier heim. Han var jamngammal med Bertel, og dei var gode vener.

Han far var tidleg oppe om søndagsmorran. Han skulle henge kaffekjelen på og få kokt før dei andre tørna ut. Heile natta var det slik uro i bua. Ein av mannskapet hans Meier ropte og bar seg som han var i havsnaud. Midt i dette vakna han far. Han fortalde at det liksom sjorla i halsen på ein av karane. Nett dette var eit kjennemerke på dei som var tiltenkt ei våt grav.

Han far hadde og drøymd så stygt den natta. Han hadde fått faren sin i draumen, og han drøymde at han Meier kollsegla og blei borte. Då han var riktig komen seg i kledan, tok han seg ein tur ut på hella. Veret var fint og stilt, og dagen begynte å brekke austover. Men tungalda bar seg stygt om båane. Då med eitt såg han ein båt som segla ut leia. Det var båten hans Meier. Han far blei reint fælen, for han Meier og mannskapet hans låg framleis og sov. Snøgt gjekk han inn att i bua. Kaffen var kokt, og han tørna ut dei andre.

Men no tok det til å sige reine uhygga over han far. Og så kom det: "Du Isak skal ikkje fare heim i dag." Guten blei både sår og sint. Men det gjekk meir og meir opp for far at dette var eit varsel. Så ymta han frampå med han Meier at han skulle la vere å ta i veg heimover. Dei såg i veret. Han var tung i drotten og seig av norda. Men han Meier var ikkje den karen som la seg til. Han berre stelte seg og bar i båten. No tok far til å telje han av, men til inga nytte.

Då sa han far: "Meier, eg har vore vars noka i natt, og slår ikkje alle gamle merke feil, tyr det noka for denne heimferda di." Han Meier berre lo og sa: "Tør du 'kje sende koking til kjerringa di?" Han far gjekk då opp til hjellen og tok ei sperre fisk og heiv i ei gammal rekstekiste. I kista låg det eit klesbyte. Han bar kista ned i båten. No skulle han Meier nett stikke av landet. Då gjekk han far ytst på vorren: "Meier, du får sanne mine ord i dag. Det går deg ikkje vel på denne heimferda di." Men han Meier berre skoggerlo og stakk ifrå.

"Då visste eg sikkert at han Meier kom aldri levande heim. Eg gjekk opp på bryggeloftet og såg i glaset så lenge eg kunne hemte båten. Då eg ikkje kunne sjå han meir, då gråt eg", fortalde han far seinare.

Dagen lei. Han kjølte smått av inn i nord, og ut i Nordhavet demte han han til. Det var landnordøyen som kom. Likevel hadde han Meier komme seg velberga heilt til Meløyvær. Her såg ho Krestina at han segla framom Gåsholmen i skjømminga. Han førte liten klut. Og han Jens Bertelsa i Lyngøya fortalde at han la seg til under landet der i verste elingen. Men straks han letta i han og blei såpass elrå, la dei inn mot Gryta. Og så veit ingen meir. Stormen auka, og kvelden var mørk.

Neste dag dreiv det i land ei rekstekiste ved Grøtasjyen. Der var det ei fiskesperre og ei skjorte. I skjorta stod det E.R. Så trudde folk at far hadde sett til. Dei telefonerte no til Holmen for å få samanheng i saka. Båten fann dei aldri. Førevarslet gjekk i oppfylling.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud