Elgemannen

Inne på Hestenhøgden, mellom Aun og Elgsnes, var det mykje skrømt i gammal tid. Når folk kom gåande langs stranda, kom det ofte stein og stubb ramlande nedover. Og folk påstod at det var einkvan der oppe på høgda som kasta han utover. Dei trudde helst det var Hinkaren som gjekk laus der oppe. Men til kvardags kalla dei han Elgemannen.

Til sist blei det så ille at dei sende bod til presten Hel i Kvæfjord, og han kom då og gjekk opp på Hestenhøgden i kappe og krage. Og Svarteboka hadde han vel og med seg. Korleis det enn er, så blei det stilt der oppe etter den dag, og folk har fått fare sine vegar fram utan å sjå eller høyre noko til Elgemannen.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud