Farleg skyss

Seint ein kveld kom det ein fin svartkledd mann ned til naustan i Dale og bad om skyss over Toppsundet til Elgsnes. Og ein kall sette seg i skyss.

Då dei kom eit stykke bort på Dalsvika, kom han dettanes med ei vindgræla unna Toppen. Det var så det både saud og kvein i ho. Mannen sette segl, og segla så grønålen låg etter båten. Men etter ei stund tok vinden til å svelle andre vegen, og seglet bakka og blafra både hit og dit og visste ikkje kva veg det skulle ligge. Kallen blei sint, og han svor så det lynte etter.

Men då blei det liv atti skotten. Framandkaren flirte og flekte og tykte dette var heir. Kallen skotta attover aksla og kva såg han: Framandkaren som satt i skotten hadde horn som ein stut og augo glinsande som lyn; og tanngarden kvitna, og jernhovane song mot båtsaumen.

Då blei kallen redd. Kven var dette han førte! Og han til å be Fadervår det fortaste han kunne. Men då blei det stilt i skotten. Med eitt løfta framandkaren seg opp i heile si høgd og stupte ut av båten. Han sokk som ein stein og blei borte. Kallen stakkar vende båten med ein gong og kom vettskremd heim til Dale.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud