Hulder

Ein kveld var nokre småborn ute og leika og rende på kjelke i Storbakkan. Det var måneskinn og knakande skaresnø. Mens dei stod oppe på bakken og skulle sette utfor, kom det to gamle kallar opp bakken. Borna stod og såg på medan dei gjekk forbi. Men då dei ikkje kjende dei, labba dei etter. Endeleg nådde dei innpå kallane oppe ved ein haug, men no kom dei vekk like framfor augo på borna. Det var hulder, sa folk.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud