Hulderfolk

Ein gong skulle ei kone gå frå Aun til Elgsnes ei lys sommarnatt. Midtvegs høyrde ho ein buskap kome springande nedetter haugane. Det klang i bjøller, og krøttera belja med dei fór, og fleire barnerøyster høyrdest etter. Men då dei kom nærare, blei alt borte. Ikkje lyd, ikkje liv å sjå. Det var nok huldra som sleppte ut til morgons.

Same kona høyrde ein gong det skylde og banka klede oppe under fjellet. Men ho såg ingen. Det var like attmed ein stor stein. Ein annan gong såg ho ein mann der oppe, men han kom vekk med ein gong.


Etter ei forteljing av Edvard Ruud