Hulderguten
Ein
gong lenge før vegen mellom Elgsnes og Aun vart bygd, skulle
ein mann ri frå Elgsnes til Aun. Han hadde passert Mølnelva
og Snevegen og hadde byrja på stien innover mot Hestenvika då
hesten med eitt stogga. Og same kva mannen gjorde, ville ikkje
hesten gå vidare. Han skjøna difor at hesten såg ei hindring
han ikkje fekk auge på.
Mannen
hugsa då at om ein legg hesteøyra saman og kiker framover mellom
dei, då kan ein sjå det same som hesten gjer. Han så gjorde,
og då fekk han auge på ein liten gut som sat på stien framføre
hesten. Det var ein av ungane til dei underjordiske som var
ute og leika.
|