Hulderhesten
Ein vinter fór det ein
hest og rende om kveldane. Folket på garden såg han, men endå
hunden fór etter, kunne han ikkje nå. Hesten rende så snøgovet
stod. Men fár fanst det ikkje etter han. Det skulle vere
ein hulderhest som var sloppe ut.
Ei kone såg i same tida fem sauer
attmed ein stein. Dei kom vekk framfor augo på ho.
|