Jekteferd og alveland

Det leid mot andrestemna. Jektene skulle til Bergen med fisk og tran. Mange møttest søretter Helgelandskysten. Dei rak i stilla og vart plaga med vind frå alle kantar når han kula opp. Tom heitte styrmannen på ei av jektene. Han skulle ikkje vere særleg vågsam, men han rak no med og følgde jektereida.

Så var dei komne til Folla. Der låg dei og rak i vindstilla. Med eitt høyrde dei eit rop: "Vott, vott, vott!" Den ordklangen kjende dei frå før. Det var draugen som ropte. "Sjå der," ropte dei frå jektene. Ka var det dei såg? Jau, det stakk ei hand opp av havet. Det var draugen som bad om vott. Men ingen lest etter det og ville gje draugen vott.

Då kom draugen heilt opp til jektesida åt han Tom: "Høyr du mann, gje meg ein vott!" No vinka draugen med ei naken hand og peika mot han Tom. Då treiv han Tom tollekniven han hadde i sliren, tok så ein vadmelsrull fram, og skar eit stykke av stuven. "Der har du vott," ropte han Tom og dreiv tøystykket mot draugen. Draugneven tok om tøystykket, og vekke var dei, både neven og tøystykket.

Enno var det stilla. Dei låg der og rak og stakk den eine skillingen etter den andre inn i sprekkene i jektemasta. Då tok det til å kule på. Vinden friska på og auka. Børen var god. Dei kom snart til Bergen. Der var marknaden i full gang. Arbeid vart det nok av. Dei lossa fisk og tran og bytta til seg hamp og tjøretau, brennevin og andre vareslag. Så festa dei litt, og tok på heimferd. Nordlandsjektene tok laust på same tid. Dei ville halde følgje som skikk og bruk var.

Men han var dårleg bør då dei fór frå Bergen. Så var dei komne fram imotes Stadthavet. Men det var kveld og børen bar ille. Så la dei seg til innfor øyane og ville vente på betre bør. Men utpå natta vende vinden og friskna på. Då kasta dei laust, den eine etter den andre, og la på Stadthavet.

Han Tom var óg tørna ut med jektmannskapet sitt og ville ta laust. Då såg han tett attmed jekta ein neve over havet, og der var tøystykket han gav draugen på Folla. No var det vikla om handbaken på draugen. No høyrde han draugen ropte av full strupe:

"Vott, vott, votteven -
reis de ainner -
og du blir igjen.
Han tyt no i Nordhavet."

Ingen andre fekk høyre ka draugen ropte. Dei drog opp framreide, og ein etter ein la dei framføre holmane mot Stadthavet. Berre han Tom la seg att i smult vatn innom holmane. Han følgde draugropet. Så kom orkanen, og alle jektene forliste.

Neste dag løyde stormen av. Då høyrde Tom at det kvein og ramla i framreide og slo mot jektesida. Han høyrde det kom folk frametter lukene og tok til å drage opp. Han skjøna no at det var draugen som ville han skulle fare.

Så tok Tom på ferd med jekta si med godt vêr og fin bør nordetter leia. Men då dei var komne så langt nord at dei skulle legge på Follahavet, då høyrde han Tom tydeleg at draugen ropte:

"Det brest i land -
det brest i hav -
huttetu ka vêr han blir."

Men han Tom tok ikkje draugropet nok i akt. Han ville heim, så han la berre til på Folla. Stormen kom og auka etter kvart. Med eitt høyrde Tom vantet slitna. Det small som ei bøssepipa. "No går reggen overbord," tenkte han. Men riggen stod. Då såg han gjennom snødrevet at det stod ein stor og røsleg kar og skora masta med ryggen sin. Etter ei stund løyde stormen av, og han fekk bøte skaden.

Men stormen auka på nordetter Helgelandskysten. Dei segla med livet i nevane. Men han Tom kunne segle og kjende seglføringa åt jekta. Då han så skulle over Vestfjorden, la han over med skodde og fuka så han såg ingen ting framføre. Han la seg til ro om kvelden og ville bie til neste dag.

Men utpå natta vakna han av at det bar lystig av stad. Han høyrde kor havet vaska mot jekta, og ho vogga seg tungt og jamt på bølgene etter som ho sette i mellom.

Så gjekk han Tom ut for å sjå i vêret - då såg han ein røsleg kar som stod med styringa og roret. No såg han tydeleg at det var vottevenen hans som stod der. Jekta var under kontroll. Ei stund dei hadde segla, så kom dei i smult vatn. No såg han land framom. Med det same dreia jekta opp mot vinden, og Tom lét ut framreide. Så gjekk både han Tom og håsettaren hans til ro. Det var enno berre svarte natta. Men no såg han ikkje meir til havdraugen.

Men så letta skodda, og han Tom fekk sjå blømande strender han aldri hadde tenkt seg betre. Det var Utrøst. Her var grøne sletter og gilde hus. Han såg bryggjer, naust og alt som høyrde lofotfisket til. Så såg han ein mann i bryggedøra. Han kjende mannen att. Det var den same som hadde hjelpt han før på ferda. Men no ville han Tom fare heim, så han vinka farvel. Då ropte vottevenen etter han:

"Tom, Tom, tenk deg om -
Utrøst kjem ikkje
opp før dom."

Men han Tom torde ikkje slå seg til ro der, så han drog opp og kom seg vekk frå øya.

Ein søndag han var i kjerka, såg han draugen sitje på kjerketrappa, og han ropte:

"Tom, Tom, tenk deg om -
Utrøst kjem ikkje
opp før dom."

Sia såg han ikkje draugen meir.

Dette eventyret er henta frå boka "Det mørke landet" av Edvard Ruud