|   | 
              
                 Finnegand  
                Handelshuset på Raten hadde 
                  gjestehusbevilling. Men så var det ein dag ei skitten 
                  finnkjerring kom til gards og ville ha hus. Men handelsfrua 
                  sa at dei hadde ikkje hus. "Det løgst du berre, 
                  men du skal få det igjen. Det skal snart bli mindre hus." 
                  Då gjekk finnkjerringa ut og stod utpå tunet og 
                  blåste. Dagen etter blåste det opp til storkuling, 
                  og ei bisk vindrosse kom og heiv heile brygga med tørrfisklageret 
                  på havet. Der blei mindre hus. Og folk skylda finnkjerringa 
                  for det. Men ikkje nok med det, nokken daga etter fatta det 
                  eld i stabburet på garden, og det brann heilt ned til 
                  grunnen. Det blei aldri oppbygd meire. Sei så at ikkje 
                  finneganda kan fengje, sa dei gamle. 
           |